Biletvev historikk

 

Biletvev er som namnet seier vovne bilete. Desse vevnadene har førebileta sine i målarkunsten, og slike vovne bilete er kjende her i Europa heilt attende til gotikken (1200-talet). Men teknikken kan truleg ha kome frå Kina, og dei eldste egyptiske biletteppa er daterte til 1400 f. Kr.

Ein veit at kunstnarane i mellomalderen laga små skisser som så vart auka opp til naturleg storleik og stilte opp bak veven. Desse teikningane, som vart kalla kartongar, var svært detaljerte i form og farge, med folder, bladverk og skuggar. Biletteppa vart så populære at vevinga etter kvart vart sett i system, og det vaks fram verkstader, først og fremst i Frankrike og Flandern.

 

 

 

Dei eldste norske biletteppa me kjenner er m.a funn frå Snartemo og Osebergskipet, men det best kjende biletteppet som ein trur er laga i Noreg, er Baldisholteppet (frå 1180) som var funne under golvet i Baldishol kirke i Hedmark. Dette fragmentet som no er i Kunstindustrimuseet i Oslo, framstiller månadene april og mai.

Den fyrste "flamskveverska" me kjenner, Johanne Jensdatter, vart skulda for å vera heks og vart brend på bål i Bergen i 1594. Ho tok mot unge jenter og lærde dei flamskveving.

Biletveven i Noreg forfall eller utvikla seg etter kvart til dekorative, geometriske mønster slik me finn det i åklede og andre liknande teppe, og det var Gerhard Munthe som først freista å skapa nytt liv i dei gamle tradisjonane på 1890 tallet med kartongar til m.a. Håkonshallen i Bergen.

 

Vevstolane som har vorte nytta både til åklede og biletvev er den såkalla "oppstadveven". Denne veven har aner heilt attende til førhistorisk tid. Han har to sidestøtter med ein kraftig bom, og den ståande renninga er festa i buntar til "kljåsteinar". Vevinga foregår ved å slå varpet oppover. Flamskveven er laga slik at bommen er nede og innslaget vert slege nedover.

Den mest kjende kunstvevaren i Hardanger, Kristi Meland frå Norheimsund, tok og imot elevar, og frå vevstova hennar vart biletvev-kunsten spreidd til mange heimar i Hardanger.

Biletkunstnaren Dagfinn Instanes har teikna kartongane til teppa i Ullensvang Heradshus, og han har både teikna og vove teppet over døypefonten i nye kyrkja i Eidfjord.

Hardanger Flid i Eidfjord har som målsetjing å ta vare på dei gamle vevtradisjonane i Hardanger og å utvikla dei vidare i nye teknikkar og med nye mønster.

 

 

                                                    

 

                                      

 

Sommarfiske

 

Ro, ro

til fiskeskjær !

Mange fisker

få vi der!

En til far

og en til mor,

en til søster,

og en til bror

og to til den

som fisken dro,

og det var ille

...........!

 

Ro, ro

til fiskeskjær !

Hva slags fisker

får vi der?

Laksen fet

og flyndra bred,

torsken grå

og silda små

og ålen stor

og lang som så!


 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Norsk kunstvevgarn A / S

Hoelfeldt Lund

 

På Onarheim gard på Husnes i Hardanger begynte Lily og Per Hoelfeldt Lund avslarbeid met spelsau under krigen. Hun var utdannet kunstner og vevlærer, - han agronom i jord - og skogbruk. De spant og vevde slik tradisjonen var på gården siden besteforeldra drev vevskole og mønsterbruk der fra 1850 - årene.

 

Norsk Kunstvevgarn A/S ble etablert på Arnevik gård i Grimstad for 50 år siden, for å spinne garn til håndverkere og kunstnere.

Avslarbeidet fortsatte, og i nært samarbeide med fagmiljøet på Statens kvinnelige industriskole og Husfliden i Oslo, ble ull - og garnkvalitet tilpasset håndverkerens behov for vakre og sterke garn, som kunne bidra til at håndverket ville tåle slitasje og vare i generasjoner.

 

Wenche og jeg som er neste generasjon ønsker å gratulere Grete Møllendal Hereid med arbeidet for vå re billedvevtradisjoner.

 

Vennlig hilsen

Norsk Kunstvevgarn A/S

 

Per Hoefeldt Lund

 

 

           

 

 

Bunad og Biletvev